Aktuelt

April 2014

Arbeidsstipend for 1 år som folkekunstnar

8. april kom kunngjeringa på nett om kven som fekk tildelt Arbeidsstipen som folkekunstnar frå Norsk Kulturråd.
Eg er ein av 3 heldige som fekk innvilga søknaden. I tillegg fekk eg eit mindre Diversestipend til dekking av materialkostnad og reiseutgifter.
Prosejeket eg søkte på heiter "Tråder frå Flesberg til Oman", ein studie av bekledningsstoff frå Flesberg. Er det mulig å finna ein tekstil fellesnemnar i Oman er den vidare problemstillinga.
Registreringar og nettverk vart oppretta i Muskat då eg var der. Dette vil eg arbeida vidare med.
Det står igjen å sjå om det er mulig å realisera alt det planlagte på eit år når eg meinte eg trong 2 år?

April 2014

Minner frå Muskat Internasjonale folklore og handverksfestival i Oman, 05.- 23.febr. 2014

Eg var der. Kvinner i svarte ”kåper” og sjal saman med menn i kvite ”kjortlar” utgjorde dei omanske innbyggarane som kledde seg etter religionen sin. Borna var mest vestleg kledde. ”How are you?” var helsinga eg vart møtt med på festivalområdet. Interessa for handverka som vart demonstrerte var overveldande. Unge menn, born, vaksne og besteforeldre stilte spørsmål, fotograferte meg i arbeid, eit venleg folkeslag som var stolte over landet sitt. Kan henda vi ville kalla dei  nasjonalistar.
Oman er eit land i utvikling. Infrastrukturen i vegar, grøntområde og ledningsnett var imponerande. Muskat er i vekst, nybygg med nasjonal arkitektur, vegar langt over norsk stander, veglys med dekorative relieff og snirklar og overdådige petuniabed, hus på landet og leilighet i byen, eit moderne nomadeliv eller vekependling som vi ville kalla det. Skulane for borna var i Muskat og arbeidsplassane for vaksne var i urbane strøk.
Etter 3 veker i eit framandt land er inntrykka overflatiske. Det er tilfeldig kven eg møtte og fekk snakka med. Fleirtalet av besøkande på Festivalen var nok arbeidsinnvandrarar med kortare eller lengre opphald i Oman. Stundom kom det også turistar som gjesta landet.
Festivalområdet var imponerande der det låg midt i ørkenen omkransa av nye byggefelt med bustadhus.  Her fekk vi oppleva Omanske tradisjonar i matlaging, ulike handverk til husbruk, sosiale samvær i leik og dans,  fiskaren og beduinen sin livsvilkår og mykje, mykje meir. Kvinner viste korleis dei var kledde og pynta til kvardags og fest.
Kontrastane i underhaldninga var overveldande. Parken var dekorert med fargesprakande belysning.

Eit imponerande vasshow med lys, vatn og musikk vart avslutta med fyrverkeri kvar kveld. 3 motorsyklistar køyrde rundt og rundt inni ei stor gitterkule i stål. Klovnar og musikantar underheldt til glede for store og små.
I det internasjonale området var utanlandske handverkarar plasserte. Utstillingshallane låg rundt eit torg der sena for folkedans var plassert. Mange av handverkarane demonstrerte arbeida sine. Andre hadde nok med å passa på utstillinga si. 
Det var utstilt utruleg mykje vakkert handverk. Frå Peru var det vist og seld arbeid frå ei tekstil familiebedrift. Dei spann ulla frå sauer og alpakka, farga garnet, strikka luer, broderte løpere og puter og vov tepper av garnet. Frå Ungarn kom ein dyktig treskjerar og saman med seg hadde han kona som knipla blonder.

Glasblåser frå Palestina trylla fram dei vakraste vinglas. Frå Kirgistan  inneheldt  utstillinga eit rikt utval av tekstile produkt. Hattar i filt med broderi, sjal i nunofilt, dukker og figurar i filt. Kvinnene bar sine særeigne hovudplagg, ikkje for ein amatør å få dei på plass! Frå Russland var der ulike dekorasjonsmalere som malte på tredukker, porselen, lær, treskåler  og liknande. Taiwan hadde utstilling med smykker i tekstile materiale, vakre vesker i fletta bambus og keramiske kopper og kar. I Pakistan sin stand sat ein teppevevar og demonstrerte handverket sitt. Frå Ganha var det håndverkarar som fletta korger, laga perlesmykker, maleri og handvovne tekstilar.  I Nigeria sin stand fann eg vakre bomullstoff med batikkdekor. Frå Norge stillte Kirsti Eriksen ut sølvsmykker i vikingstrikk og andre gamle sølvteknikkar. Eg hadde med meg biletvevramme der eg demonstrerte rutesmett med  eit gamalt mønster frå Hordaland. Brikkeveven var også med og det vart nokre meter med ulike brikkeband etter nesten 3 veker på jobb 7 dagar i veka. Dette er berre smakebiter av det eg kunne finna på festivalen. I den fyrste perioden av Festivalen representerte Gry Grindbakken og Ann Therese Ekren Skari Norge.
Å få vera ein del av dette internasjonale handverksmiljøet var berikande. Eg kjende meg verdsett som ein av mange. Vi snakka engelsk på alle språk og med kroppspråket i tillegg fekk vi god kontakt med kvarandre. Faglege problemstillingar vart diskuterte. Eit internasjonalt nettverk vart synleg. Respekten for kvarandre sine tradisjonar og handverk vart tydeleg. Vi var i samme båt.
Arbeidsdagen på festivalen var omtrent frå 1530 – 2230 kvar dag, 7 dagar i veka.  Middagen var servert etter endt arbeidsdag. Det vart nattmat. Føremiddagen var fri til å nyta varmen, stranda, historiske byggverk, moderne arkitektur, ørken eller andre eksotiske forhold saman med andre handverkarar eller for seg sjølv etter behov.
Det vart ein studietur  i handverk og kultur. Det gav meirsmak til ein handvever som sort sett sit i kjellaren for seg sjølv prøver å skapa vakre tekstilar.

Bjørg Hustad
Bud, 09.04.2014

August 2012

"Ridderspore", ein ny løperserie frå Skyttel vev.

Det er messetid på Lillestrøm. Vi er med på Gave- og Interiørmessa. Den nye serien blir vist der for fyrste gong.
Eg ville designa ein ny løper med renning i fiolett lin og tenkte på advent. Namnet seier litt om kvar inspirasjonen er henta frå, både blomsten og riddaren. Det vart mange fargar i innslaget, blå, mørk blå, turkis, lilla, grøn, mørk grøn, rød og korall.Dei er fine,alle på sin måte. Den fiolette med turkist mønster syng vakkert.

Det blir løpere både til advent og til grå dagar som treng ei oppmuntring.
Løperen er 40 cm brei og lengda er 130 cm eller 100 cm. Mønsteret er litt ulikt på dei to løperlengdene.

På Gave- og Interiørmessa på Lillestrøm 23. -26. august kan du sjå desse løperene. Seinare i haust kan du finna dei hos forhandlere som fører tekstiler frå Skyttel vev.

Juni 2012

Handverksmessa i Jondal

22. - 24. juni, www.handverksmessa.com
I år skal vi vera der å visa fram varene våre. Åse Paulsen med eit godt utval av saueskinnsprodukt frå utegangarsau og Skyttel vev tek turen til Hardanger.
Eit nytt produkt under utvikling vert vist fram for fyrste gong, Leik, ein puff; med trekk vove i krokbragd, lokk trekt med utegangarpels og eit rom inni der treverket kjem fram.

LEIK

-med fargar, rytme og trådar

Eg fann det på Ljono i1965
pryda veggen over divanen
ei kulturhistorisk oppleving-

Dette måtte eg læra.

Undrande over spennet i ulla
Gleda over utfordringa i fargar
Mangfaldet i trådane sine kryssingspunkt

Eit rom for løynde kjensler.

Vi kjem med det vi får plass til i ein Skoda. Løpere i vakre fargar, skjerf i ulike kvalitetar, puter, saueskinnsfellar med trykk eller skillbragd, krokbragdåklede og andre vakkre tekstilar til nytte og pryd.

Vil du ha ei vakker tekstil oppleving finn du oss på stand nr 5 i gymsalen i Jondal.

August 2011

"Felleskap"

"Fellesskap" er eit nytt design på løpere som blir vist på Gave- og interiørmessa 
på Lillestrøm 25. - 28. august 2011 .
Materialet er heil lin og dei er mønstra i dreielsteknikk.
Renninga er rød og det er fleire alternative farger i innslag, rust, rød, korall, rosa, cyklamen og fiolett. Løperen har 40 cm breidde og lengder på 100 cm eller 130 cm.

Juni 2011

Glimt fra utstillinga i Galleri Smelteverket i Kopperå

Galleri Smelteverket ligg i historiske og sjarmerande område rundt smelteverksdammen. 
Bygninger og anlegg har ein over 100 år gammal historie.
Galleriet ligg i eit ombyggd garasjeanlegg. Line Aursand har gullsmedverkstaden sin i bygget.
Tekstilane er fint presenterte i lokalet som har eit kresent vareutval i nokre handverkstekikkar.
Skyttel vev stiller ut løpere i ulike farger og størrelser. Romdelere og veggtekstiler i utvalde farger deler plass med PC- veske og skjerf. Eksklusive kjøkkenhandkle til nybakst eller piknickorga kan du også finna på utstillinga.

Gå ikkje glipp av ei eksklusiv tekstil oppleving i Kopperå!

Juni 2011

Stitches and Treads

3. - 8. juni, eit 5 dagar kurs på Kypros var godt næringspåfyll for ein handverkar. Gjennom stipend frå SIU fekk eg høve til å vera med på kurset der 7 deltakarar frå 6 ulike Europeiske land tok del. Vi fekk innføring i tradisjonelle kypriotiske tekstile teknikkar. I offentlege handverkssenter såg vi korleis handverka vart utførte i dag som i tidlegare tider. I Lefkara fekk vi omvising i den gamle bydelen og fekk innføring i korleis broderiet vart vidareført gjennom utdanning og samarbeid.
Kurset var like mykje eit prosjekt. Målet var å presentera eit undervisingsopplegg der dei tradisjonelle kypriotiske handverka var inspirasjonskjelda. Vi arbeidde i grupper og laga ulike problemstillingar.
Det var varmt. Oleander, kaktus, bogenvilla og mykje anna blømde. Tochni, ein liten landsby under gjennoppbygging etter krig med Tyrkia, var vertskap for oss. Smale gater og tett bebyggelse i åssidene gav ei intim oppleving. Graniumar og palmer dempa det støvete og golde jordsmonnet.
Bassenget ved turistanlegget der vi heldt til, redda oss frå å renna vekk i varmen. Ein sein ettermiddag bada vi i Middelhavet og åt sjømat.
Eit kurs som dette er verd å gjenta. Det gav inspirasjon til vidare arbeid i eigen verkstad, skapte nettverk i andre europeiske land, styrka frimot og sjølvkjensle og gav ei kjensle av ferie under andre himmelstrøk.
Det var vel verd søknaden om stipend frå SIU.

Juni 2011

Mars 2011

Tekst: Marit Ødegaard Hagen, Birka as.

Skyttel vev nominert

Skyttel vev, som drives av Bjørg Hustad (foto t.h.) var en av fire nominerte til tittelen “Årets håndverksbedrift”, som deles ut av NHO Håndverk. Vinneren ble fotobedriften Moment Studio AS (t.v.), men Bjørg synes det var en stor seier i seg selv å bli nominert!

Prisen ble delt ut under NHO Håndverks Årskonferanse i Oslo i går, 14.mars.

Å bli sett
- Jeg setter enorm pris på å bli nominert til denne utmerkelsen. Det gir en følelse av å bli sett, og for en liten håndveverbedrift er det er veldig verdifullt. Det føles som en seier i seg selv!, sier en stolt Bjørg Hustad.

I tillegg til kvaliteten hun står for, er noe av grunnen til at hun ble nominert arbeidet hun har gjort i næringspolitisk sammenheng for å utvikle håndveverfaget til næring. Hun var blant annet engasjert i etableringen av bransjeforbund, hun har vært med i læreplanarbeidet i faget og hatt en rekke tillitsverv i fagsammenheng.

- Det er veldig inspirerende at dette arbeidet er lagt til grunn for nominasjonen. I tillegg er jeg glad for at det blir synliggjort at det går an å leve av håndveverfaget. Jeg håper det hjelper på rekrutteringen, at kommende generasjoner kan se at dette er en mulig vei å gå, sier Bjørg.

Selebert selskap
Vinneren av prisen ble fotografene i Moment Studio AS, som i følge NHO er “er opptatt av kvalitet i alle ledd av produksjonen, de nyter stor anerkjennelse i bransjen og har trofaste kunder.” Les mer på www.nhohandverk.no.

De andre nominerte var Heyerdahl gullsmed, og Studio Haarr frisørsalong.

- Når jeg så presentasjonene av de andre nominerte, ble jeg utrolig imponert, og enda stoltere over at jeg ble vurdert i dette selskapet - dette er bedrifter i verdensklasse! Jeg er både takknemlig, glad og ydmyk, sier Bjørg Hustad.

Januar 2011

"Hav"

er ein ny serie løpere og brikker i lin. Tekstilane har ei blå renning med isgrøne striper. Innslaget har 5 variasjoner; mørk blå, kornblå, himmelblå, grøn og mørk sjøgrøn.
Tekstilane her ei breidde på 36 cm. Lengdene:
brikke 46 cm
løper 90 cm
løper 120 cm
løper 150 cm

Desse nye tekstilane blir presenterte på Gave- og Interiørmessa på Lillestrøm 27.- 30. januar 2011. Skyttel vev har stand under Birka,
B 03 - 40.
Birka er eit nettverk for næringsdrivande handverkere. På denne standen er det berre norske handverksprodukt.

August 2010

Førstepremie til Bjørg Hustad fra Bud på Rennebumartna

Bjørg Hustad i Skyttel vev stakk av med førsteprisen i produktkonkurransen ”Jeg fant, jeg fant” under årets Rennebumartna på Berkåk i Sør-Trøndelag, med sin vevde PC-veske.

Rennebumartna regnes som Norges ledende salgsutstilling for husflid og håndverk, og gikk i år av stabelen 13. – 15.aug. Under martnan arrangeres det hvert år produktkonkurranse, hvor utstillerne inviteres til å sende inn produkter inspirert av temaet, som i år var ”Gull og grønne skoger”. Produktkonkurransen fikk tittelen ”Jeg fant, jeg fant”.

Foto: 3.premievinner Odny Ravlo Haugen, juryformann Sidsel Skjelfjord fra Norges Husflidslag, 1.premievinner Bjørg Hustad og 2.premievinner Mats A. Nilsen (foto: Dagfinn Vold, Medialprofil).

Bjørg Hustad med firmaet Skyttel Vev er mangeåring utstiller på Rennebumartnan, med sine vakre vevde produkter, og gikk i år av med førsteprisen i produktkonkurransen, med sin PC-veske utført i vev! 

Juryen sier om vesken: ”En feminin PC-veske i vevd stoff med gull og detaljer i spreke farger og vakker utførelse. Dette var overraskende og nytt, noe som en ikke forventer å finne”

Mats A. Nilsen, glasskunstner og Vevstuggu ved Odny Ravlo Haugen fikk henholdsvis andre- og tredjepremie i konkurransen, med produktene ”Svevende” og ”Lille speil på veggen der”.

Gode vilkår for drømmer
- Med temaet gull og grønne skoger ønsket vi å inspirere til det eventyrlige, utfordre til en grensesprengende kreativitet, gi drømmen rom og vise at når en tar drømmen på alvor, blir den til virkelighet. Dette gjelder også produktkonkurransen, sier temaansvarlig Anne Kristine Stavne, som er veldig imponert over årets bidrag, og spesielt vinnerproduktet, som hun betegner som utrolig vakkert!

I utlysningen av konkurransen heter det også at juryen legger vekt på håndverksmessig kvalitet, materialvalg, funksjon, form/farge/komposisjon og vanskelighetsgrad.

Folkekunststipend til Bjørg Hustad

Statens kunstnarstipend 2009 vart utdelte  siste veka i mars. Under gruppa Folkekunst er Bjørg Hustad tildelt kr 47.000 i diversestipend. Tildelinga er på grunnlag av søknaden om å få kunnskap om Sunnmørske sengetekstilar i tida kring førre hundreårskiftet. Den overveldande fargebruken og mønsterrikdommen i desse tekstilane har gjort Bjørg nyfiken på kva ho kan finna på loft og i kott. Fylkeshusflidslaget har gjort eit godt registreringsarbeid som er tilgjengeleg og kan brukast som inspirasjon til vidare arbeid med tekstilane.

Det er ikkje ofte ein handvevar vert prioritert med Statens kunstnarstipend. Gleda er stor over å verta verdsett på denne måten.

"Kvite Aner"

Løpere med dreielsmønstring i heil lin. Designet er det samme som for serien ”Aner” med inspirasjon frå tradisjonstekstiler. Renninga er kittkvit med 7 fargevalg i innslaget; kvit, natur, beige, grå, gul, grøn og aprikos. 
Størrelser:
30 x 130 cm
30 x 150 cm
30 x 200 cm

"Sunnmørsk”

Dette er starten på ein ny kolleksjon veggtekstiler med design inspirert av sengetekstiler på Sunnmøre. Materialet er ull og lin. Teknikken er korskypert kombinert med halvsmett. Baksida er fora.
Størrelser:
45 x 110 cm
45 x 140 cm