Om firma

Skyttel vev er ein kulturberar

Skyttel vev er eit lite firma i fiskeværet Bud ved Hustadvika.

Handvevarmeister Bjørg Hustad driv verkstaden som vart etablert i 1982.
Handvevar Laila Thastum med svennebrev i faget har sitt daglege arbeid i vevstolane saman med Bjørg.

I periodar hospiterer studenter eller andre handvevarar frå inn- og utland her for å få ny kunnskap eller utvikle ferdigheiter.

I Skyttel vev produserer vi løpere, brikker, duker, gardiner, møbelstoff, skjerf, kyrkjetekstiler, bunadtekstiler og alt anna du kan ha lyst på.
Fagkompetanse, godt handverk og vakkert design er grunnlaget for utvikling av produkta våre.