Verkstad

Verkstaden er godt utstyrt med 6 Ulla Zyrus vevstolar. Tre av dei er utstyrte for damaskveving både med drag og harnesk. Ein vevstol har datastyrt skaftstyring.
Dei to andre er ordinære kontramarsj vevstolar. Breiddene varierer frå 110 cm – 160 cm.
På kontoret er det ein reserve vevstol som blir brukt når etterspørselen krev det.

Vi har etter kvart fått god materialtilgang slik at det sjeldan forseinkar produksjonen.

Etterbehandling og montering blir utført på forskriftsmessig måte.